Historien om Dampbåten Bjoren

Bjoren vart bygd ved Akers Mekaniske Verksted i 1866, var 52 fot lang og hadde ein maskin på 14 HK. I 1897 vart båten forlenga med 6 fot, og i 1914 vart båten forlenga med nye 10 fot. Ny kjele vart montert, og ein maskin på 42 HK. Ved denne ombygginga fekk båten den forma han har i dag. Lengda er 68,9 fot og vekta ca 26 tonn.

Bjoren gjekk i dei fyrste åra i rute på Kilefjorden. I 1896 opna den smalspora jernbanen til Byglandsfjord, og grunnlaget for drifta på Kilefjorden var borte. Bjoren vart i 1897 frakta til Byglandsfjorden der han gjekk i rute fram til 1957. Etter 1920 tok bilruter over mykje av trafikken frå båtane. Då det i 1950 åra vart bygd veg på vestsida av fjorden, var heile grunnlaget for båtane borte, og gamle Bjoren gjekk i opplag.

I 1970-åra starta ein aksjon for å berge det som vart att av båten, og å få satt han i stand. Bjoren vart restaurert ved Drammen Skibsreparasjoner A/S under faglig leiing av Riksantikvaren. Resultatet er svært velukka. Maskinen går som ei klokke, og skroget er solid og trygt. Bjoren er eit flytande teknisk museum.